Kva er vurdering? Kva er læring? Kva er samanhengen mellom desse omgrepa? Eg vel å knyte denne diskusjonen til ungdomsskulen, sidan det er det skuleslaget eg kjenner best. Tradisjonelt har det vore sett likskapsteikn mellom vurdering og karakterar. Når det gjeld læring, har ulike læreplanar til ulike tider vore rettesnora for lærarar i planlegging av undervisning. Vurdering av læring har stått i sentrum. I dag ligg det så mykje meir i omgrepa vurdering og læring, og ein skal sjå dei i samanheng. Denne tenkinga er i startfasen, fordi det tar tid å få nye tankar og ny forsking til å bli implementert i norsk skule. Det står svart på kvitt i forskrift til opplæringslova §3-11 at ein skal praktisere vurdering for læring i skulen. Det er forska mykje på dette, og ein har funne ut at vurdering for læring, også kalla formativ vurdering eller undervegsvurdering, er det som fører til den beste læringa.
Evna til å forstå, resonnere og jobbe med ulike problemstillingar kjem i sentrum, dersom ein driv med vurdering for læring. Læraren må på varierte måtar skaffe seg informasjon som seier noko om kva eleven forstår, og kva han ikkje forstår. Med dette utgangspunktet kan læraren justere undervisninga slik at både rettleiinga av den einskilde elev, og den tilpassa undervisninga blir betre. Læraren må også sikre at eleven får med seg kjernen i fagstoffet. Dette er med andre ord ein kontinuerleg prosess, som går ut på å finne ut kva eleven forstår undervegs, og ikkje vente til prøver i etterkant, for å finne ut kva eleven ikkje har fått med seg. Kompetanse handlar om dei oppgåvene eleven forstår eller kan gjere, etter at han har lært noko. Mange forskarar hevdar at nettopp gjennom vurdering for læring, blir eleven i stand til å forstå og meistre komplekse situasjonar, ikkje berre å pugge og gulpe opp att kunnskap. Det er kompetanse eleven treng å ha med seg ut i verda, for å møte eit komplekst samfunn som krev sitt. Olga Dysthe har skrive ein artikkel der ein kan lese meir om vurdering for læring: Klasseromsvurdering og læring

Kva kjenneteiknar så god vurdering, som igjen fører til god læring? Mange, og mellom dei forskarane Wiggins og Mctighe, hevdar at bruk av "baklengs planlegging" er vegen å gå. Når ein skal planlegge, startar ein med læreplanen og måla der. Kompetansemåla må analyserast, og på den måten kan ein operasjonalisere kompetansemåla. Det vil seie at ein finn ut korleis ein kan finne fram til gode oppgåver og vurderingsformer, som viser kva eleven forstår og meistrar. Til slutt planlegg og gjennomfører ein sjølve undervisninga, og då er læreplanen operasjonalisert.
”Feed up, feed back, og feed forward” forklarer på ein kort og konsis måte noko om målretta undervisning, vurdering undervegs og tilpassing av undervisninga. Mange har forska på dette, blant anna Fisher og Frey. Ein av artiklane deira om emnet finn du her. Dette handlar om å måtte presentere tydelege læringsmål og vurderingskriterium for elevane. Dei skal ikkje vere i tvil om kva mål dei arbeider mot. Viss måla er formulerte slik at eleven kjenner meistring undervegs til målet, er det lettare å oppnå ein indre motivasjon hos eleven. På vegen mot målet, må eleven få rettleiing om kva han kan jobbe vidare med framover, og ei visse om at han er på rett veg. Dersom læraren klarer å vurdere eleven undervegs, og eleven meistrar å vurdere seg sjølv, er det lettare for pedagogen å tilpasse undervisninga til den einskilde elev. Det gjeld å finne eit system som fungerer både for lærar og elev. Dette systemet må ein utvikle ved prøving, feiling og i samarbeid på den einskilde skule.
Det er også viktig å understreke at eleven ikkje skal vere ein passiv mottakar, men ein deltakar i utforming av kriterium. Eleven er den som veit korleis han lærer best og får moglegheit til å vurdere seg sjølv. På Udir sine sider om vurdering for læring kan ein mellom anna finne filmsnuttar med vurdering for læring i praksis. Eg har valt å legge ut ein link til ein snutt frå ein niandeklasse på Halbrend skule, der dei arbeider med vurderingskriterium.
Vurdering for læring har kome for å bli, til politikarar bestemmer noko anna. Det finst mykje stoff om emnet, og i bloggen har eg konsentrert meg om nokre sentrale omgrep. Det gjeld å prøve ut det teoretiske i praksis og gjere seg eigne erfaringar. Ein må også hugse at elevane er ressursar, og dei kan melde tilbake kva som fungerer. Det er også viktig å dele erfaringane sine med kollegaer og leiinga ved skulen.
Vurdering for læring har kome for å bli, til politikarar bestemmer noko anna. Det finst mykje stoff om emnet, og i bloggen har eg konsentrert meg om nokre sentrale omgrep. Det gjeld å prøve ut det teoretiske i praksis og gjere seg eigne erfaringar. Ein må også hugse at elevane er ressursar, og dei kan melde tilbake kva som fungerer. Det er også viktig å dele erfaringane sine med kollegaer og leiinga ved skulen.