søndag 24. februar 2013

ALLE LES OG ALLE SKRIV


Det ligg i Web 2.0 kulturen at lese- og skrivevanar skal endre seg. Spørsmålet er om ein vil nytte det mangfaldet som ligg i denne nye kulturen. Det tek tid å endre lese- og skrivevanar. Mange er skeptiske til sosiale medium og vil i alle fall ikkje at dei skal inn i skulen. Mange set likskapsteikn mellom sosiale medium og facebook og veit eigentleg ikkje kva moglegheiter som ligg i Web 2.0.  Hildegunn Otnes har laga ein god oversikt over Web 2.0, eller sosiale medium som ein også kan kalle det. I hennar oversikt kan ein også tydeleg sjå skilnaden på Web 1.0 og Web 2.0. Ho seier noko om korleis dei som bruker internett har endra seg frå ”konsumentar” til også å vere ”produsentar”. Det er brukarane sjølve som lagar innhaldet ein finn på nettet, og på den måten deler det med andre. Otnes har også ein definisjon på sosiale medium: ”Sosiale medier er fellesbetegnelse på alle nettsteder der brukerne selv skaper innholdet og deler med hverandre”.



                                                 JNFerree        

PLN
PLN står for persoleg lærande nettverk. Det er eit nettverk som deler idear og resursar. Ein kan blant anna også reflektere og dele erfaringar. Som norsklærar kan ein samarbeide med andre enn dei enn til vanleg arbeider saman med. Svend Horgen har laga ein presentasjon som han kallar "Hvordan bygge et PLN?". Her er det uante moglegheiter og truleg berre tida som avgrensar. I ungdomsskulen har du fleire ulike fag du underviser i, og du har mange kollegaer du må samarbeide med. Lærarar eg kjenner skulle ønske dei kunne samarbeide endå tettare med kollegaene på jobben. Å velje vekk det og heller sitje framføre PCen og samarbeide med andre, der er det langt fram. Her kan det vere veldig ulike meiningar, alt etter kva skuleslag ein jobbar i. Ein kan sjølvsagt sitje heime på kveldstid og kommunisere med kollegaer i den digitale verda, men viss førebuings- og rettearbeid ventar, er det lett å velje. Det tek tid å endre vanar. Her skriv Bratvold og Kyrkjebø at foreløpig eksisterer det ein 90-9-1 regel som tyder at 90 % bruker nettet til å finne informasjon, 9% kommenterer aktivt, medan berre 1% deler med andre på nettet.

Skumlesing og Kommentering
Hoem og Schwebs skriv om kommentering i boka tekst2null. Denne måten å lese og skrive på er ny i høve til Web1.0. Ein kan skrive kommentarar til artiklar i nettaviser, blogginnlegg eller innlegg i diskusjonsforum. Desse kommentarane vert ikkje redigerte. Det kan sjølvsagt føre med seg diskriminerande utsegner. Forfattarane hevdar også at ein truleg les annleis enn før. Når ein les nettaviser er det mykje skumlesing. Ein rekk dermed over fleire aviser enn når ein tidlegare kanskje berre kjøpte ei laussalsavis av og til.


Literacy
Definisjonen på ein digitaltekst er ifølge Scwebs og Otnes i boka tekst2null: "Tekster der både produksjon og lesing må foregå i datamediet, fordi det er brukt mediespesifikke virkemidler".

                                 dougbelshaw                  

Hoem og Schwebs skriv blant anna om ”tekst og dannelse”. Dei påpeikar at digital tekstkompetanse er meir enn det å lese og skrive. For det første må ein ha teknisk dugleik og slik meistre grunnleggjande funksjonar. Ein må også kunne samhandle med andre fordi dei multimodale tekstane føreset dette. Til sist tek dei opp det å kunne orientere seg i eit breidt utval av tekstar og vite kva som er relevant og kva som er kvalitet.


Wikipedia 
Framleis er det slik at elevar les og skriv, men dei les anna enn berre lærebøkene. Dei har eit mangfald av litteratur dei skal orientere seg i. Dei bruker tekstar på nettet i tillegg til dei tradisjonelle lærebøkene. Dei kan ikkje berre sluke alt dei les, men nærme seg tekstane på ein heilt annan måte enn i lærebøkene. På Wikipedia kan kven som helst gå inn og legge til informasjon. Nettleksikonet støvar ikkje ned utan endringar. Eg har høyrt elevar seie at dei forstår betre tekstar dei finn på nettet enn dei som er i lærebøkene. Dette er kanskje tilfelle blant anna fordi elevane mine har nynorsk som hovudmål. Mange av lærebøkene skrivne på nynorsk har eit språk som ikkje er lett tilgjengeleg for mange av elevane. Forfattarane vel ”antikvariske” nynorskord som elevane, og av og til læraren, knapt kjenner til. Når elevane skal jobbe med til dømes ein presentasjon i eit fag, vel dei ofte tekstar på nettet framfor i lærebøkene.


Digital kompetanse
Viss ein går inn på Wikipedia vil ein finne denne definisjonen på digital kompetanse: "ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet. Det er den kompetansen som bygger bro mellom ferdigheter som å lese, skrive og regne, og den kompetansen som kreves for å ta i bruk nye digitale verktøy og medier på en kreativ og kritisk måte"Andre definisjonar finn ein her. Digital kompetanse handlar om ferdigheiter og kunnskap ein treng for å kunne bruke digitale medium på ein føremålstenleg måte.

Når ein som lærar skal arbeide for å fremje digital kompetanse hos elevane, må han ta utgangspunkt i læreplanen, for å sjå kva han seier om dette. Som lærar må ein analysere læreplanen og finne gode oppgåver og arbeidsmåtar som gjer det mogleg å nå ein slik kompetanse. Kunnskapsløftet formidlar kvifor ein skal bruke digitale verkty i norskfaget.



Digitale verkty
Henning Fjørtoft nemner ei rekkje verkty ein kan brukeVi veit at Web 2,0 kulturen er ein stor del av fritida til både unge og ikkje fullt så unge. Mange er mykje på Facebook, somme har bloggar, og andre igjen bruker YouTube til å publisere filmar dei har laga. I følgjande filmsnutt kan de sjå at nokre av elevane mine ikkje berre sit framføre Pcen heile dagen, men likevel viser digital kompetanse. Dette har dei filma sjølve på fritida og lagt ut på YouTube:

                        




Multimodalitet og samansette tekstar 
Kunnskapsløftet nyttar omgrepet samansette tekstar, og meiner tekstar som er sette saman av tekst, lyd og bilete/ illustrasjonar. Somme forskarar meiner ein heller skal bruke omgrepet multimodalitet, at det er meir dekkjande. Hildegunn Otnes seier at modalitet er framstillingsformer som kombinerer lyd, bilete og tekst.Det er vanskeleg å sjå at det er noko skilnad på desse to omgrepa. Hoem og Schwebs skriv i boka ”tekst2null” , at ingen tekstar er usamansette, og derfor er multimodale tekstar eit omgrep somme ønskjer å bruke.

Kunnskapsløftet seier at elevar etter 10.klasse skal kunne:

  • tolke og vurdere ulike former for sammensatte tekster
Det er ikkje vanskeleg å finn stoff om korleis ein kan tolke og vurdere blogg og facebook i skulen. Hildegunn Otnes seier blant anna noko om dette. I boka tekst.no tek Ture Schwebs og Hildegunn Otnes opp korleis ein kan analysere til dømes dataspel og nettstadar. Her er det eksempel på mange gode spørsmål ein kan bruke. Å vurdere teikneseriar og reklametekstar er gammalt nytt, men ein kan sjølvsagt finne desse sjangrane i nye framstellingar på nettet.
  • bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster
Lektor Svend Andreas Horgen har laga ein presentasjon som viser korleis ein kan bruke Web 2.0 i undervisninga. Han forklarer korleis ein kan lage/bruke: blogg, wiki, twitter, YouTube, tankekartverkty, samskriving i gruppearbeid, video, presentasjonar og korleis få meir refleksjon inn i undervisninga.

                   
                                       mrsdkrebs



  • orientere seg i store tekstmengder for å finne relevant informasjon
Det er ikkje lenger det tradisjonelle biblioteket med bøker ein meiner. Det er det digitale biblioteket. Norsklæraren må legge til rette for at elevane får høve til å finne tekstar på nettet til ymse bruk.

  • bruke tekstbehandlingsverktøy til arkivering og systematisering av eget arbeid

Her kan ein nemne ulike læringsplattformar som Fronter, It`sLearning og CLG. Elevane kan opprette mapper og systematisere arbeidet sitt, levere arbeid som læararen kan vurdere
  • bruke tekster hentet fra bibliotek, Internett og massemedier på en kritisk måte, drøfte tekstene og referere til benyttede kilder

I boka til Leif Harboe: Norskboka.no er han mellom anna opptatt av den digitale kvardagen i skulen, Han påpeikar kor viktig det er at ein bruker kjelder på ein god måte, og at ein er kritiske til kjeldene ein bruker. Dette er ein stor overgang frå å berre ha lærebøker som ein tradisjonelt har nytta utan eit kritisk blikk.
Læraren må trene elevane i bruk av kjelder. Bratvold og Kyrkjebø har laga gode spørsmål ein kan stille seg når ein bruker kjelder på internett.

søndag 10. februar 2013

TEKSTKOMPETANSE I NORSKFAGET



Det er naturleg å begynne med målet for norskfaget slik det er å lese i K06: «Norskfaget er et sentralt fag for kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling.» Det står også at elevane skal arbeide med eigne og andre sine tekstar, og utvikle språk- og tekstkompetanse ut frå evner og føresetnader. Originalteksten er herLæreplanen deler opp kompetansemåla i munnlege tekstar, skriftlege tekstar, samansette tekstar og språk og kultur.  Her følgjer kompetansemåla etter 10. klasse. Akkurat no er endringar i læreplanen i norsk ute til høyring. Framlegget til gruppering av kompetansemåla er: Munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, kultur og litteratur. Ein ser at omgrepet kommunikasjon har erstatta «tekstar», og samansette tekstar er tatt vekk som eiga gruppe. Det verkar som ein ynskjer å ta den nye mediekvardagen og omgrepet literacy på alvor.
                                                                                                                               Gwydion M. Williams

Literacy

Både Atle Skaftun og Sylvi Penne gir i bøkene sine stor plass til omgrepet literacy. Penne bruker i boka Litteratur og film Unescos definisjon av literacy.
Når elevane møter litteratur i skulen, klarer dei ikkje å skilje mellom fiktiv og faktiv lesemåte. Dei kan oppfatte ein skjønnlitterær tekst som faktiv. Penne nemner at i den mediafylte tida vår, kjem det stadig nye sjangrar til, og det er ikkje alltid like lett å setje dei i bås, som enten fiksjon eller fakta.
Atle Skaftun meiner at elevar treng å lese eit breitt utval av tekstar. I boka Litteraturens nytteverdi hevdar han at Kunnskapsløftet legg for mykje vekt på sakprosa, og at i arbeid med skjønnlitteraturen vert oppleving og nyting lagt mest vekt på. Han seier også at det finst ei eiga verd i denne litteraturen, som er eit godt utgangspunkt når elevar skal arbeide med tekstar. Det er ikkje slik at Penne og Skaftun vil kaste saklitteraturen i bosset, men uttalar at ein må vere klar over at desse to typane litteratur ser på røyndomen med ulike auge. Saklitteraturen er noko som har hendt, og skjønnlitteraturen er noko som kunne ha skjedd. Skaftun meiner at det gjeld å finne ein balansegang mellom skjønnlitteratur og sakprosa. Ein må også bruke metodar som gjer at elevane deltek, og på den måten prøve å lokke fram lysta til å arbeide med litteratur. Skaftun skriv også at hans eiga tekstforståing er farga av synet til Mikhail Bakhtin, som meiner at ein må sjå tekstar i samanheng med den sosiale verda utanfor tekstane. Skaftun meiner altså at ein ikkje kan lausrive skjønnlitterære tekstar frå språk og kommunikasjon.

                                            
Skrivekultur
Atle Skaftun støttar seg til David Barton, og skriv at studiet av literacy handlar om å studere korleis dei fleste menneske omgir seg med skrift og tekst i det moderne datasamfunnet. Skaftun meiner også at skrivekulturen i skulen er like autentisk som skrivekulturen utanfor skulen.



                                                                          Hishaam Siddiqi

Sosiale og kulturelle skilnader

Skaftun og Penne er også opptatt av elevar som har ein annan kulturbakgrunn og sosiale skilnader. Penne skriv at det er stor skilnad på elevane når dei kjem til skulen, med omsyn til kva bakgrunn dei har når det gjeld lesing av litteratur. Norskfaget skal vere for alle, og ein må ha respekt for ulikskapar. Ein må ta skjønnlitteraturen inn i verkelegheita til elevane, og nytte han til å forstå språkleg kommunikasjon. Elevane kjem frå ulike sosiale og kulturelle bakgrunnar, og møtest i ein skule der målet med norskfaget blant anna er å arbeide med danning.

Danning
Atle Skaftun er opptatt av omgrepet danning i høve til norskfaget. Det er ulike meiningar om kva ein skal legge i dette omgrepet, og somme meiner at det er det same som kompetanse. Skaftun viser til Laila Aase og hennar definisjon, og at ho var med i fagkomiteen som arbeidde med norskplanen til K06. Aase seier at danning ikkje berre handlar om kompetanse, men også kven elevane er, og at det er ein del av sosialiseringsprosessen. Skaftun er heilt på linje med Aase. Her følgjer rapporten til fagkomitéen, der dei blant anna dukkar i danningsomgrepet på side 28.

Validitet

Henning Fjørtoft skriv i «Vurdering og læring i norsk skriftlig. Mot en kriteriebasert skrivepedagogikk» (Fjørtoft 2010:53), at i vurderingsdesign er validitet eit vesentleg tema. Når elevane skriv tekstar, er det viktig at dei veit kva læringsmålet er undervegs. Det skal ikkje vere ei overrasking når dei har formulert seg ferdige. Eit godt verktøy i vurderinga er vurderingsrubrikkar. Rubrikkar kan ein nytte i så vel munnlege presentasjonar, som i arbeid med skriftlege tekstar. Vurderingsrubrikkane inneheld både kriterium og deling i grad av måloppnåing. Ein må gå nøye gjennom rubrikkane saman med elevane, slik at dei har ei eins forståing av rubrikkane. På den måten skaper ein eit tolkingsfellesskap i klassen

Tolkingsfellesskap

Danning, identitetsutvikling, kulturforståing og kommunikasjon som tidlegare sitert frå læreplanen, har best vekstvilkår i eit tolkingsfellesskap. Både Penne og Atle Skaftun diskuterer omgrepet tolkingsfellesskap, og Skaftun bruker blant anna Stanley Fish sine tankar rundt dette. I dette ligg det at ein til dømes innafor ein klasse er einige om kriterium, og korleis ein skal forstå det ein jobbar med. Skaftun meiner at ein må ha eit godt forhandlingsklima i ein klasse, og at læraren på ein måte må jenke seg i arbeid med tekstar. Dette for nettopp å skape det fellesskapet som Fish talar om.

                
Metodar

Klasseromssamtalar                                                                                       walknboston          

Henning Fjørtoft snakkar om å stille gode spørsmål, og korleis  få alle elevane med i samtale om litteratur. Han har ei liste med strategiar ein kan nytte i førelesinga om Muntligkompetanse og klasseromssamtaler
Kompetansemål: «Formidle  muntlig og skriftlig egne leseerfaringer og leseopplevelser basert på tolkning og refleksjon»
Temabasert undervisning:                                                       
Ein vel ut avgrensa tema som ein jobbar med. Fjørtoft snakkar om induktiv tenking, der ein bruker einskildtekstar og jobbar med innsikt og viktige samanhengar knytta til tekstane.
Kompetansemål: "Presentere viktige temaer og uttrykksmåter i sentrale samtidstekster og sammenligne dem med framstillinger i klassiske verk fra norsk litteraturarv: kjærlighet og kjønnsroller, helt og antihelt, virkelighet og fantasi, makt og motmakt, løgn og sannhet, oppbrudd og ansvar."
Penne har i boka  ”Litteratur og film” tatt med metodar som Robert Scholes har utvikla:
Voices of Modern Cultures: Eleven spør seg kva han kan lære av teksten og forfattaren, om korleis han kan uttrykkje seg.
Stranger in the village, korleis teksten uttrykkjer at nokon er framande eller isolerte, og deretter utforske dette i si eiga skriving.
Kompetansemål: «Lese og skrive tekster i ulike sjangere, både skjønnlitterære og sakspregede på bokmål og nynorsk: artikkel, diskusjonsinnlegg, formelt brev, novelle, fortelling, dikt, dramatekst og kåseri»
Inheriting Earlier Voices
Her skal elevane arbeide med eit drama over fleire veker.
Kompetansemål: «Gjennomføre enkle foredrag, presentasjoner, tolkende opplesing, rollespill og dramatisering, tilpasset ulike mottakere»og
«delta i utforskende samtaler om litteratur, teater og film»
Film, Language and Culture: Elevane kan jobbe med filmatisering av ulike tekstar eller utdrag av tekstar og diskutere resultata.
Kompetansemål: «Bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster»
Mediating Culture/ The Representation of Events and People
Her skal elevane lese og tolke framstellingar i media.
Kompetansemål: «Tolke og vurdere ulike former for sammensatte tekster»

Eigenvurdering

I vurderinga av det første blogginnlegget mitt, fekk eg råd av læraren å eksperimentere med overskrifter, skrifttypar og skriftstorleik. Dette har eg gjort! Eg meiner at dette innlegget har blitt meir lesarvenleg enn det første. Lenkene er på plass. Om eg har ei grundig forståing av Skaftuns og Pennes synspunkt kan sikkert diskuterast. Eg har prøvd å problematisere forskjellige aspekt ved tekstkompetanse, men er ikkje sikker på om dette er godt nok. Omgrepa eg skulle ha med i teksten er der, og eg meiner eg har brukt dei på ein relevant måte. Når det gjeld metodeforslaga, er eg ikkje heilt sikker på korleis eg skal forstå oppgåva. Eg har endra meining undervegs i prosessen, og om læraren min har tenkt det annleis, det kan godt hende!
           






tirsdag 29. januar 2013

Vurdering og læring

Kva er vurdering? Kva er læring? Kva er samanhengen mellom desse omgrepa? Eg vel å knyte denne diskusjonen til ungdomsskulen, sidan det er det skuleslaget eg kjenner best. Tradisjonelt har det vore sett likskapsteikn mellom vurdering og karakterar. Når det gjeld læring, har ulike læreplanar til ulike tider vore rettesnora for lærarar i planlegging av undervisning. Vurdering av læring har stått i sentrum. I dag ligg det så mykje meir i omgrepa vurdering og læring, og ein skal sjå dei i samanheng. Denne tenkinga er i startfasen, fordi det tar tid å få nye tankar og ny forsking til å bli implementert i norsk skule. Det står svart på kvitt i forskrift til opplæringslova §3-11 at ein skal praktisere vurdering for læring i skulen.  Det er forska mykje på dette, og ein har funne ut at vurdering for læring, også kalla formativ vurdering eller undervegsvurdering, er det som fører til den beste læringa.
Evna til å forstå, resonnere og jobbe med ulike problemstillingar kjem i sentrum, dersom ein driv med vurdering for læring. Læraren må på varierte måtar skaffe seg informasjon som seier noko om kva eleven forstår, og kva han ikkje forstår. Med dette utgangspunktet kan læraren justere undervisninga slik at både rettleiinga av den einskilde elev, og den tilpassa undervisninga blir betre. Læraren må også sikre at eleven får med seg kjernen i fagstoffet. Dette er med andre ord ein kontinuerleg prosess, som går ut på å finne ut kva eleven forstår undervegs, og  ikkje vente til prøver i etterkant, for å finne ut kva eleven ikkje har fått med seg. Kompetanse handlar om dei oppgåvene eleven forstår eller kan gjere, etter at han har lært noko. Mange forskarar hevdar at nettopp gjennom vurdering for læring, blir eleven i stand til å forstå og meistre komplekse situasjonar, ikkje berre å pugge og gulpe opp att kunnskap. Det er kompetanse eleven treng å ha med seg ut i verda, for å møte eit komplekst samfunn som krev sitt. Olga Dysthe har skrive ein artikkel der ein kan lese meir om vurdering for læring: Klasseromsvurdering og læring
           
                                           frå Ken Whytock
                                          

Kva kjenneteiknar så god vurdering, som igjen fører til god læring? Mange, og mellom dei forskarane Wiggins og Mctighe, hevdar at bruk av "baklengs planlegging" er vegen å gå.  Når ein skal planlegge, startar ein med læreplanen og måla der. Kompetansemåla må analyserast, og på den måten kan ein operasjonalisere kompetansemåla. Det vil seie at ein finn ut korleis ein kan finne fram til gode oppgåver og vurderingsformer, som viser kva eleven forstår og meistrar. Til slutt planlegg og gjennomfører ein sjølve undervisninga, og då er læreplanen operasjonalisert.
             ”Feed up, feed back, og feed forward” forklarer på ein kort og konsis måte noko om målretta undervisning, vurdering undervegs og tilpassing av undervisninga. Mange har forska på dette, blant anna Fisher og Frey. Ein av artiklane deira om emnet finn du her. Dette handlar om å måtte presentere tydelege læringsmål og vurderingskriterium for elevane. Dei skal ikkje vere i tvil om kva mål dei arbeider mot. Viss måla er formulerte slik at eleven kjenner meistring undervegs til målet, er det lettare å oppnå ein indre motivasjon hos eleven. På vegen mot målet, må eleven få rettleiing om kva han kan jobbe vidare med framover, og ei visse om at han er på rett veg. Dersom læraren klarer å vurdere eleven undervegs, og eleven meistrar å vurdere seg sjølv, er det lettare for pedagogen å tilpasse undervisninga til den einskilde elev. Det gjeld å finne eit system som fungerer både for lærar og elev. Dette systemet må ein utvikle ved prøving, feiling og i samarbeid på den einskilde skule.
            Det er også viktig å understreke at eleven ikkje skal vere ein passiv mottakar, men ein deltakar i utforming av kriterium. Eleven er den som veit korleis han lærer best og får moglegheit til å vurdere seg sjølv. På Udir sine sider om vurdering for læring kan ein mellom anna finne filmsnuttar med vurdering for læring i praksis. Eg har valt å legge ut ein link til ein snutt frå ein niandeklasse på Halbrend skule, der dei arbeider med vurderingskriterium.
        Vurdering for læring har kome for å bli, til politikarar bestemmer noko anna. Det finst mykje stoff om emnet, og i bloggen har eg konsentrert meg om nokre sentrale omgrep. Det gjeld å prøve ut det teoretiske i praksis og gjere seg eigne erfaringar. Ein må også hugse at elevane er ressursar, og dei kan melde tilbake kva som fungerer.  Det er også viktig å dele erfaringane sine med kollegaer og leiinga ved skulen.