Det er naturleg å
begynne med målet for norskfaget slik det er å lese i K06: «Norskfaget er et sentralt fag for
kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling.» Det står
også at elevane skal arbeide med eigne og andre sine tekstar, og utvikle språk-
og tekstkompetanse ut frå evner og føresetnader. Originalteksten er her. Læreplanen deler opp
kompetansemåla i munnlege tekstar, skriftlege tekstar, samansette tekstar og
språk og kultur. Her følgjer kompetansemåla etter 10. klasse. Akkurat no er endringar i læreplanen i norsk ute til høyring. Framlegget til gruppering av kompetansemåla er: Munnleg kommunikasjon,
skriftleg kommunikasjon og språk, kultur og litteratur. Ein ser at omgrepet
kommunikasjon har erstatta «tekstar», og samansette tekstar er tatt vekk som eiga gruppe. Det verkar som ein ynskjer å ta den nye
mediekvardagen og omgrepet literacy på alvor.
Gwydion M. Williams
Gwydion M. Williams
Literacy
Både Atle Skaftun og
Sylvi Penne gir i bøkene sine stor plass til omgrepet literacy. Penne bruker i
boka Litteratur og film Unescos definisjon av literacy.
Når elevane møter
litteratur i skulen, klarer dei ikkje å skilje mellom fiktiv og faktiv
lesemåte. Dei kan oppfatte ein skjønnlitterær tekst som faktiv. Penne nemner at i den mediafylte tida vår, kjem det stadig nye sjangrar
til, og det er ikkje alltid like lett å setje dei i bås, som enten fiksjon
eller fakta.
Atle Skaftun meiner at
elevar treng å lese eit breitt utval av tekstar. I boka Litteraturens nytteverdi hevdar han at
Kunnskapsløftet legg for mykje vekt på sakprosa, og at i arbeid med skjønnlitteraturen vert oppleving og nyting lagt mest vekt på. Han seier også at det
finst ei eiga verd i denne litteraturen, som er eit godt utgangspunkt når
elevar skal arbeide med tekstar. Det er ikkje slik at Penne og Skaftun vil
kaste saklitteraturen i bosset, men uttalar at ein må vere klar over at desse
to typane litteratur ser på røyndomen med ulike auge. Saklitteraturen er noko
som har hendt, og skjønnlitteraturen er noko som kunne ha skjedd. Skaftun meiner at det gjeld å finne ein balansegang mellom skjønnlitteratur og sakprosa. Ein må
også bruke metodar som gjer at elevane deltek, og på den måten prøve å lokke
fram lysta til å arbeide med litteratur. Skaftun skriv også at hans eiga
tekstforståing er farga av synet til Mikhail Bakhtin, som meiner at ein må sjå
tekstar i samanheng med den sosiale verda utanfor tekstane. Skaftun meiner
altså at ein ikkje kan lausrive skjønnlitterære tekstar frå språk og
kommunikasjon.
Skrivekultur
Atle Skaftun støttar seg
til David Barton, og skriv at studiet av literacy handlar om å studere korleis
dei fleste menneske omgir seg med skrift og tekst i det moderne datasamfunnet.
Skaftun meiner også at skrivekulturen i skulen er like autentisk som
skrivekulturen utanfor skulen.
Hishaam Siddiqi
Sosiale og kulturelle skilnader
Skaftun og Penne er også
opptatt av elevar som har ein annan kulturbakgrunn og sosiale skilnader. Penne
skriv at det er stor skilnad på elevane når dei kjem til skulen, med omsyn til
kva bakgrunn dei har når det gjeld lesing av litteratur. Norskfaget skal vere
for alle, og ein må ha respekt for ulikskapar. Ein må ta skjønnlitteraturen inn
i verkelegheita til elevane, og nytte han til å forstå språkleg kommunikasjon.
Elevane kjem frå ulike sosiale og kulturelle bakgrunnar, og møtest i ein skule
der målet med norskfaget blant anna er å arbeide med danning.
Danning
Danning
Atle Skaftun er opptatt
av omgrepet danning i høve til norskfaget. Det er ulike meiningar om kva ein
skal legge i dette omgrepet, og somme meiner at det er det same som kompetanse.
Skaftun viser til Laila Aase og hennar definisjon, og at ho var med i
fagkomiteen som arbeidde med norskplanen til K06. Aase seier at danning ikkje
berre handlar om kompetanse, men også kven elevane er, og at det er ein del av
sosialiseringsprosessen. Skaftun er heilt på linje med Aase. Her følgjer
rapporten til fagkomitéen, der dei blant anna dukkar i danningsomgrepet på side
28.
Validitet
Henning Fjørtoft skriv i
«Vurdering og læring i norsk skriftlig. Mot en kriteriebasert
skrivepedagogikk» (Fjørtoft 2010:53), at i vurderingsdesign er validitet eit
vesentleg tema. Når elevane skriv tekstar, er det viktig at dei veit kva
læringsmålet er undervegs. Det skal ikkje vere ei overrasking når dei har
formulert seg ferdige. Eit godt verktøy i vurderinga er vurderingsrubrikkar.
Rubrikkar kan ein nytte i så vel munnlege presentasjonar, som i arbeid med skriftlege
tekstar. Vurderingsrubrikkane inneheld både kriterium og deling i grad av
måloppnåing. Ein må gå nøye gjennom rubrikkane saman med elevane, slik at dei
har ei eins forståing av rubrikkane. På den måten skaper ein eit
tolkingsfellesskap i klassen
Tolkingsfellesskap
Danning,
identitetsutvikling, kulturforståing og kommunikasjon som tidlegare sitert frå
læreplanen, har best vekstvilkår i eit tolkingsfellesskap. Både Penne og Atle
Skaftun diskuterer omgrepet tolkingsfellesskap, og Skaftun bruker blant anna
Stanley Fish sine tankar rundt dette. I dette ligg det at ein til dømes innafor
ein klasse er einige om kriterium, og korleis ein skal forstå det ein jobbar
med. Skaftun meiner at ein må
ha eit godt forhandlingsklima i ein klasse, og at læraren på ein måte må jenke
seg i arbeid med tekstar. Dette for nettopp å skape det fellesskapet som Fish
talar om.
Metodar
Klasseromssamtalar walknboston
Henning Fjørtoft snakkar
om å stille gode spørsmål, og korleis få
alle elevane med i samtale om litteratur. Han har ei liste med strategiar ein
kan nytte i førelesinga om Muntligkompetanse og klasseromssamtaler.
Kompetansemål: «Formidle muntlig og skriftlig egne leseerfaringer og
leseopplevelser basert på tolkning og refleksjon»
Temabasert
undervisning:
Ein vel ut avgrensa tema som ein jobbar med. Fjørtoft snakkar om
induktiv tenking, der ein bruker einskildtekstar og jobbar med innsikt og
viktige samanhengar knytta til tekstane.
Kompetansemål: "Presentere
viktige temaer og uttrykksmåter i sentrale samtidstekster og sammenligne dem
med framstillinger i klassiske verk fra norsk litteraturarv: kjærlighet og
kjønnsroller, helt og antihelt, virkelighet og fantasi, makt og motmakt, løgn
og sannhet, oppbrudd og ansvar."
Penne har i boka ”Litteratur og
film” tatt med metodar som Robert Scholes har utvikla:
Voices of Modern
Cultures: Eleven spør seg kva han kan lære av teksten og forfattaren, om korleis
han kan uttrykkje seg.
Stranger in the
village, korleis
teksten uttrykkjer at nokon er framande eller isolerte, og deretter utforske
dette i si eiga skriving.
Kompetansemål: «Lese
og skrive tekster i ulike sjangere, både skjønnlitterære og sakspregede på
bokmål og nynorsk: artikkel, diskusjonsinnlegg, formelt brev, novelle,
fortelling, dikt, dramatekst og kåseri»
Inheriting Earlier
Voices
Her skal elevane arbeide med eit drama over fleire veker.
Kompetansemål: «Gjennomføre
enkle foredrag, presentasjoner, tolkende opplesing, rollespill og
dramatisering, tilpasset ulike mottakere»og
«delta
i utforskende samtaler om litteratur, teater og film»
Film, Language and
Culture: Elevane kan jobbe med
filmatisering av ulike tekstar eller utdrag av tekstar og diskutere resultata.
Kompetansemål: «Bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige
og tverrfaglige tekster»
Mediating Culture/ The Representation of Events
and People
Her skal elevane lese og tolke framstellingar i media.
Kompetansemål: «Tolke og
vurdere ulike former for sammensatte tekster»
I vurderinga av det første blogginnlegget mitt, fekk eg råd av
læraren å eksperimentere med overskrifter, skrifttypar og skriftstorleik. Dette har eg gjort! Eg meiner at dette innlegget har blitt meir lesarvenleg enn det første. Lenkene er på plass. Om eg
har ei grundig forståing av Skaftuns og Pennes synspunkt kan sikkert
diskuterast. Eg har prøvd å problematisere forskjellige aspekt ved
tekstkompetanse, men er ikkje sikker på om dette er godt nok. Omgrepa eg skulle
ha med i teksten er der, og eg meiner eg har brukt dei på ein relevant måte. Når
det gjeld metodeforslaga, er eg ikkje heilt sikker på korleis eg skal forstå oppgåva. Eg har endra meining undervegs i prosessen, og om læraren min
har tenkt det annleis, det kan godt hende!
Hei Lillian!
SvarSlettJeg synes delen der du tar for deg Skaftun og Penne er den beste. Her skriver du en del og det gir mening. De avsnittene som følger, som har ulike underoversrifter, blir for korte, som smakebiter.
Teksten fram til kapitlet "Metodar" er i en leservennlig font. Kapitlet "Metodar" ser litt rotete ut, med understrekingene og de ulike skriftstørrelsene.
Hilsen Monica