Det ligg i Web 2.0 kulturen at lese- og skrivevanar skal endre seg. Spørsmålet er om ein vil nytte det mangfaldet som ligg i denne nye kulturen. Det tek tid å endre lese- og skrivevanar. Mange
er skeptiske til sosiale medium og vil i alle fall ikkje at dei skal inn i
skulen. Mange set likskapsteikn mellom sosiale medium og facebook og veit eigentleg ikkje kva
moglegheiter som ligg i Web 2.0. Hildegunn
Otnes har laga ein god oversikt over Web 2.0, eller sosiale medium som ein
også kan kalle det. I hennar oversikt kan ein også tydeleg
sjå skilnaden på Web 1.0 og Web 2.0. Ho seier noko om korleis dei som bruker internett har
endra seg frå ”konsumentar” til også å vere ”produsentar”. Det er brukarane
sjølve som lagar innhaldet ein finn på nettet, og på den måten deler det med
andre. Otnes har også ein definisjon på sosiale medium: ”Sosiale medier er fellesbetegnelse på alle nettsteder der brukerne selv skaper innholdet og deler med hverandre”.
PLN
PLN står for persoleg lærande nettverk. Det er eit nettverk
som deler idear og resursar. Ein kan blant anna også reflektere og dele erfaringar. Som norsklærar kan ein samarbeide med andre enn dei enn til vanleg
arbeider saman med. Svend Horgen har laga ein presentasjon som han kallar "Hvordan bygge et PLN?". Her er det uante moglegheiter og truleg berre tida som
avgrensar. I ungdomsskulen har du fleire ulike fag du underviser i, og du har
mange kollegaer du må samarbeide med. Lærarar eg kjenner skulle ønske dei kunne
samarbeide endå tettare med kollegaene på jobben. Å velje vekk det og heller
sitje framføre PCen og samarbeide med andre, der er det langt fram. Her kan det
vere veldig ulike meiningar, alt etter kva skuleslag ein jobbar i. Ein kan
sjølvsagt sitje heime på kveldstid og kommunisere med kollegaer i den digitale
verda, men viss førebuings- og rettearbeid ventar, er det lett å velje. Det tek
tid å endre vanar. Her skriv Bratvold og Kyrkjebø at foreløpig eksisterer det ein 90-9-1 regel som
tyder at 90 % bruker nettet til å finne informasjon, 9% kommenterer aktivt, medan berre 1% deler med andre på nettet.
Skumlesing og Kommentering
Hoem og Schwebs skriv om kommentering i boka tekst2null.
Denne måten å lese og skrive på er ny i høve til Web1.0. Ein kan skrive kommentarar
til artiklar i nettaviser, blogginnlegg eller innlegg i diskusjonsforum. Desse
kommentarane vert ikkje redigerte. Det kan sjølvsagt føre med seg
diskriminerande utsegner. Forfattarane hevdar også at ein truleg les annleis enn før.
Når ein les nettaviser er det mykje skumlesing. Ein rekk dermed over fleire
aviser enn når ein tidlegare kanskje berre kjøpte ei laussalsavis av og til.
Literacy
Definisjonen på ein digitaltekst
er ifølge Scwebs og Otnes i boka tekst2null: "Tekster der både produksjon og lesing må foregå i
datamediet, fordi det er brukt mediespesifikke virkemidler".
dougbelshaw
Hoem og Schwebs skriv blant anna om ”tekst og dannelse”. Dei påpeikar at digital tekstkompetanse er meir enn det å lese og
skrive. For det første må ein ha teknisk dugleik og slik meistre grunnleggjande funksjonar. Ein må også kunne samhandle med andre fordi dei multimodale tekstane føreset dette. Til sist tek dei opp det å kunne orientere seg i eit breidt utval av tekstar og vite kva som er relevant og kva som er kvalitet.
Wikipedia
Framleis er det slik at elevar les og skriv, men dei les anna enn berre lærebøkene. Dei har eit mangfald av litteratur dei skal orientere seg i. Dei bruker tekstar på nettet i tillegg til dei tradisjonelle lærebøkene. Dei kan ikkje berre sluke alt dei les, men nærme seg tekstane på ein heilt annan måte enn i lærebøkene. På Wikipedia kan kven som helst gå inn og legge til informasjon. Nettleksikonet støvar ikkje ned utan endringar. Eg har høyrt elevar seie at dei forstår betre tekstar dei finn på nettet enn dei som er i lærebøkene. Dette er kanskje tilfelle blant anna fordi elevane mine har nynorsk som hovudmål. Mange av lærebøkene skrivne på nynorsk har eit språk som ikkje er lett tilgjengeleg for mange av elevane. Forfattarane vel ”antikvariske” nynorskord som elevane, og av og til læraren, knapt kjenner til. Når elevane skal jobbe med til dømes ein presentasjon i eit fag, vel dei ofte tekstar på nettet framfor i lærebøkene.
Digital kompetanse
Viss ein går inn på Wikipedia vil ein finne denne definisjonen på digital kompetanse: "ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet. Det er den kompetansen som bygger bro mellom ferdigheter som å lese, skrive og regne, og den kompetansen som kreves for å ta i bruk nye digitale verktøy og medier på en kreativ og kritisk måte". Andre definisjonar finn ein her. Digital kompetanse handlar om ferdigheiter og kunnskap ein treng for å kunne bruke digitale medium på ein føremålstenleg måte.
Når ein som lærar skal arbeide for å fremje digital kompetanse hos elevane, må han ta utgangspunkt i læreplanen, for å sjå kva han seier om dette. Som lærar må ein analysere læreplanen og finne gode oppgåver og arbeidsmåtar som gjer det mogleg å nå ein slik kompetanse. Kunnskapsløftet formidlar kvifor ein skal bruke digitale verkty i norskfaget.
Digitale verkty
Henning Fjørtoft nemner ei rekkje verkty ein kan bruke. Vi veit at Web 2,0 kulturen er ein stor del av fritida til både unge og ikkje fullt så unge. Mange er mykje på Facebook, somme har bloggar, og andre igjen bruker YouTube til å publisere filmar dei har laga. I følgjande filmsnutt kan de sjå at nokre av elevane mine ikkje berre sit framføre Pcen heile dagen, men likevel viser digital kompetanse. Dette har dei filma sjølve på fritida og lagt ut på YouTube:
Multimodalitet og samansette tekstar
Kunnskapsløftet nyttar omgrepet samansette tekstar, og meiner
tekstar som er sette saman av tekst, lyd og bilete/ illustrasjonar. Somme
forskarar meiner ein heller skal bruke omgrepet multimodalitet, at det er meir
dekkjande. Hildegunn Otnes seier at modalitet er framstillingsformer som kombinerer lyd,
bilete og tekst.Det er vanskeleg å
sjå at det er noko skilnad på desse to omgrepa. Hoem og Schwebs skriv i boka ”tekst2null” , at ingen tekstar er usamansette, og
derfor er multimodale tekstar eit omgrep somme ønskjer å bruke.
Kunnskapsløftet seier at elevar etter 10.klasse skal kunne:
- tolke og vurdere ulike former for sammensatte tekster
Det er ikkje vanskeleg å finn stoff om korleis ein kan tolke og vurdere blogg og facebook i skulen. Hildegunn Otnes seier blant anna noko om dette. I boka tekst.no tek Ture Schwebs og Hildegunn Otnes opp korleis ein kan analysere til dømes dataspel og nettstadar. Her er det eksempel på mange gode spørsmål ein kan bruke. Å vurdere teikneseriar og reklametekstar er gammalt nytt, men ein kan sjølvsagt finne desse sjangrane i nye framstellingar på nettet.
- bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster
Lektor Svend Andreas Horgen har laga ein presentasjon som viser korleis ein kan bruke Web 2.0 i undervisninga. Han forklarer korleis ein kan lage/bruke: blogg, wiki, twitter, YouTube, tankekartverkty, samskriving i gruppearbeid, video, presentasjonar og korleis få meir refleksjon inn i undervisninga.
- orientere seg i store tekstmengder for å finne relevant informasjon
Det er ikkje lenger det tradisjonelle biblioteket med bøker ein meiner. Det er det digitale biblioteket. Norsklæraren må legge til rette for at elevane får høve til å finne tekstar på nettet til ymse bruk.
- bruke tekstbehandlingsverktøy til arkivering og systematisering av eget arbeid
Her kan ein nemne ulike læringsplattformar som Fronter, It`sLearning og CLG. Elevane kan opprette mapper og systematisere arbeidet sitt, levere arbeid som læararen kan vurdere
- bruke tekster hentet fra bibliotek, Internett og massemedier på en kritisk måte, drøfte tekstene og referere til benyttede kilder
I boka til Leif Harboe: Norskboka.no er han mellom anna opptatt av den digitale kvardagen i skulen, Han påpeikar kor viktig det er at ein bruker kjelder på ein god måte, og at ein er kritiske til kjeldene ein bruker. Dette er ein stor overgang frå å berre ha lærebøker som ein tradisjonelt har nytta utan eit kritisk blikk.
Læraren må trene elevane i bruk av kjelder. Bratvold og Kyrkjebø har laga gode spørsmål ein kan stille seg når ein bruker kjelder på internett.